Juniorlaget med seier i treningskamp

Fotball:

Tysdag kveld spelte samarbeidsjuniorlaget Rindal/Surnadal sin aller første kamp, då dei målte krefter med Orkla 2 på bortebane. Juniorane låg under 0-1 til pause, men scoringar av Sondre Bolme og Lars Mogstad sørgja for at våre gutar kunne reise heim frå Eggen-land med 2-1-siger i lomma! Juniorlaget skal den komande sesongen spele i 2. divisjon G19 i Trøndelag fotballkrets.

Treningskamp mot Orkla 2 for juniorlaget
Treningskamp mot Orkla 2 for juniorlaget

Trenarteamet Espen Fougli Vraalsen og Lars Ole Heggem meldte, via lagledar Jon Magne Helgetun, følgjande etter kampen:

- Det var ein typisk første treningskamp, prega av ein del tekniske feil og mykje innsats. Det positive er at vi ser att ein del av det vi har jobba med på trening. Spesielt 20 minutt av andre omgang var bra, og det heldt mot Orkla 2, som skal spele 3. divisjon G19 i år.