IMGP2357

Tørsåslødag med sportsandakt og Telenorkarussell

Det utvida kulturbegrepet

Det har vorte tradisjon i Rindal at IK Rindals-Troll og kyrkjelyden går saman om ei samling på Tørsåsløa i Tørsetmarka ein søndag i mars. Samlinga i dag vart ei av dei mest vellukka med mykje folk, vindstilt og fin temperatur, sjølv om sola ikkje kom heilt igjennom. Preketekst, bilde og litt til finn du nedafor! Nytt: Deltakarliste!

Etter at Johan Landsem frå IK Rindals-Troll hadde ønska velkommen, tok sokneprest Lene Gåsvatn og kantor Daniel Bjørlo over og leda oss gjennom sportsandakten. Du kan ta fram andakten og lese den her: Den kanaaneiske kvinnen.

Johan Landsem og Oddbjørn Heggem tok så over regien og organiserte det tredje og årets siste i Telenorcup. 
Til saman har 70 unge delteke i dei tre Telenorrenna i år. 46 deltok i dagens renn, og utdeling av premier fra sponsoren var dagens høgdepunkt for mange!

Heile dagen gjekk vaffelpressa og kaffetraktaren, styrt av dyktige dugnadshender.

Mange nytta også dagen til å ta seg ein tur vidare innover etter det fint oppkjørte sporet.

Til saman gjorde alt dette dagen til ei fin og avstressande oppleving for oss andre.

Her kan du laste ned deltakarliste i Telenorkarusellen denne dagen!

Klikk på bilda nedafor for å sjå dei større og som bildeserie!

IMGP2345
Tørsåsløa, der kjentfolk møtes
IMGP2346
God plass til folk når veret er fint
IMGP2349
Birkebeineren Lasse flankert av Ronny Aasen og Åge Fjerstad ca 24 timar etter målgang!
IMGP2350
IMGP2353
IMGP2357
IMGP2358
IMGP2360
Håkon Børset stilte med startnummer 1
IMGP2362
Det gjeld å halde tunga rett i munnen!
IMGP2371
Framtidige storløparar etter målgang i Telenorkarussell 3.runde
IMGP2374
Arenaen
IMGP2375
Arrangementskomitéen hadde full kontroll!
IMGP2376
Dei modigaste måtte prøve hoppbakken til Lasse(?)
IMGP2379
Satser - derrr
IMGP2380
- og flyyyr
IMGP2381
Andre kuler'n med varme pølser
IMGP2382
Premiene er ryggsekker, drikkeflaske og
IMGP2385
Stor forventning
IMGP2384
Spenninga utløst: Emma og Helene Bolme Vuttudal valgte kvar sin tursekk